Lediga tjänster

Vi søkjer arkitektar

Placering
Odda
Sista ansökningsdag
2020-11-29
An­ställnings­form
Tillsvidare­anställning
Roll
Konsult

Norconsult AS har eit av dei største fagmiljøa i Noreg og Skandinavia innan arkitektur. For å dekkja den lokale etterspurnaden søkjer vi etter nye medarbeidarar.

Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spanande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Kontoret har 30 medarbeidarar tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, geoteknikk, Ingeniørgeologi og maskin/prosess.

Vi har stor pågang av nye spanande og tverrfaglege oppdrag i eit stort geografisk område. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med andre Norconsultkontor. Vi har arbeidsstader i Odda,  Eidfjord, Rosendal og på Voss. Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland. Vi søkjer etter kreative og engasjerte arkitektar med fagleg engasjement og arbeidsglede.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og prosjektering av alle typar arkitektoppdrag, frå store offentlege til mindre private bygg

  • Illustrasjonar og presentasjonar

  • Byggdetaljar og spesifikasjonar

  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag

  • Prosjekt- og oppdragsleiing

  • Synfaringar og oppfylging på byggeplass

  • Kontakt/kommunikasjon med oppdragsgjevarar, både interne og eksterne

  • Marknads- og tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har mastergrad i arkitektur

  • Har stort fagleg engasjement og interesse for planlegging av våre fysiske omgjevnader

  • Er open for eit breitt tverrfagleg samarbeid

  • Har kunnskap innan digitale verktøy og 3D modellering/ BIM; ArchiCad/Revit

  • Er positiv og kreativ

  • Har god evne til både skriftleg og munnleg framstilling på norsk

Hjå oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer

  • Aktivt fagnettverk med jamlege samlingar

  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur

  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling

  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm

Innsending av søknad:
Ta gjerne uforpliktande kontakt med avdelingsleiar Ivar Tveito Eidnes tlf. 988 18 456. Søknad med CV, vitnemål og attester kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider.

Norconsult er Noregs største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er heileigd av våre over 4 400 medarbeidarar som er stasjonert på 113 kontor i heile verden. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Kontakt

Profilbild för Ivar Tveito Eidnes
Ivar Tveito Eidnes
Avdelingsleder Hardanger